Forside:Sunnfjord

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Bremanger • Fjaler • Kinn • Sunnfjord

Om Sunnfjord
Sunnfjord er det midtre av dei tre distrikta i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, som frå 1. januar 2020 tilhøyrer Vestland fylke. Det består av kommunane Sunnfjord, Fjaler, Askvoll og den nordre luten av Kinn kommune (gamle Flora kommune). Bremanger vert dels rekna til Sunnfjord og dels til Nordfjord. Landskapet var tidlegare eit futedøme, Sunnfjord futedøme.

Distriktet ligg under Fjordane tingrett, som er under Gulating lagdømme. Det tilsvarar Sunnfjord prosti under Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Kvalheim krins 1861
Foto: Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kvalheim krins låg opphavleg i Selje kommune. I 1910 vart krinsen ein del av nye Nord-Vågsøy kommune. Ved kommunereguleringa i 1964 vart kommunane Nord-Vågsøy, Sør-Vågsøy og delar av Davik kommune slegne saman til Vågsøy kommune.

Under krinsreguleringa i 1861 vart Indre- og Ytre Kvaleheim i tillegg til Myra lagt til Kvalheim krins. Krinsen hadde då 30 elevar. Skulestove og kost skulle haldast hjå Ole Myre. Tilsynsmann var Peder Nilsen Ytre-Kvalheim.

Kvalheim krins fekk skulehus i 1911 og var for det meste ein todelt skule, utanom tidsrommet 1938-1945, då var den tredelt.

I 2003 vart Kvalheim krins lagt ned og elevane sendt til Raudeberg skule   Les mer …

Øvrebotnen skule.
Øvrebotnen skule er ein nedlagt folkeskule som ligg heilt nede ved Haukedalsvatnet på Øvrebotnen i Viksdalen i tidlegare Gaular kommune, frå 2020 i Sunnfjord kommune.Det vesle, kvite skulehuset vart bygd i 1892.   Les mer …

Henrik Olaus Aardalsbakke
Foto: Norske skolefolk (1952)
Henrik Olaus Aardalsbakke (fødd 18. oktober 1879 i Jølster, død 2. desember 1956) var lærar og lokalpolitikar for Venstre i Davik kommune. Fornamnet har òg vore skrive Hendrik.

Han var son av bonde Jakob Aardalsbakke og Danhilde Jensdotter. Henrik Olaus Aardalsbakke gjekk mellomskulen og tok eksamen ved Hambros skole i Bergen i 1900. Etterpå byrja han på Volda lærarskule, der han vart uteksaminert i 1903.

Aardalsbakke vart som nyutdanna tilsett som lærar i Davik i 1903. Han hadde fyrst krinsane Endal, Lefdal og Haus, men etter krinsregileringa i 1918 arbeidde han i krinsane Davik og Endal.   Les mer …

Kalvåg kystlag
Kalvåg kystlag er eit kystlag i Kalvåg i Bremanger kommune, Vestland fylke. Laget vart stifta den 19. februar 2004 etter initiativ frå Johan Frøyen og Åge Tansøy. Kystlaget hadde frå starten 19 medlemmar, i 2014 var medlemstalet 145. Kalvåg kystlag har fire båtar: "Nigaren", som er ein rogavl bygd i Hardanger 1928; "Femkjeipen", som er omlag 150 år gammal, brukt til fiske, som kyrkjebåt og elles til frakting av dyr mellom holmane; "Slagkjeipen", kjøpt av kystlaget i 2006, kjem opprindeleg frå Hauge; Færingen "Sevald" er gitt i gåve frå Reidun Liset Svarstad. Kalvåg kystlag er medlem av Forbundet KYSTEN.   Les mer …

Sunnfjordbåten er som navnet tilsier fra Sunnfjord i Sogn og Fjordane. Sunnfjordbåten er i samme "familie" som Sognebåten og Nordfjordbåten. Den skiller seg fra Nordfjordingen ved sitt mindre dyptgående og krysser derfor ikke like godt som denne. Dette gjorde at den ble utkonkurrert av Nordfjordbåten utover 1800-tallet spesielt til havfisket. Den har esinga ved første su fra ripa og keipene ligger på innsida av første ripebordet, ikke på ripa slik det er vanlig andre plasser i landet hvor esinga er plassert langs ripa og da stør dem. Den har ikke fullt så bratt/krum stevn som Sognebåten, og ripebordet er smalere. Blant de færing-eksemplarene som er blitt målt opp finnes det noen som har ripeomfaret i ett helt bord, mens det vanlige kysten rundt er å dele ripa i to. Sunnfjordbåten har de breieste kjølsuene i landet, noe som kan spores tilbake til vikingtida.   Les mer …

Dette bilde av «Sigfred» er teke frå kaia på Vik. I bakgrunnen ser ein garden Hunneset
.

MB «Sigfred» N-20-BR, var bygd i 1948 ved L/L Vik Båtbyggeri. Registreringsbokstavane fortel at båten er registrert i Nordland fylke, og i Brønnøy fiskeridistrikt i Sør- Helgeland. «Sigfred» var truleg den fyste båten over femti fot som var bygd på Vik. Spesifikasjonar frå fiskeriregisteret er på båtlista for Vik. Båten var bygd for Arne Iversen, Brønnøysund, og vart overlevert 1 eller 2 mars 1949.

Båten var som alle kravellbygde båtane på 1940, 50 og 60 talet bygd på doblingspant. I artikelen om doblingspant vert begrepet forklart. Båten hadde to køyer i kahytta og seks køyer i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og keising var i stål. Byssa var i akterkant av keising. I akterkant rorhus var ein liten bestikklugar med kartbord. Oppgang frå keisinga til rorhuset var under kartbordet. Elles alle instrument som var vanleg den tida. Instrument vert elles skifta og fornya etter kvart som forbetringane dukkar opp, og det elles er formålstenleg.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sunnfjord
 
Andre artiklar