Forside:Tustna

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal
TIDLIGERE KOMMUNE: TustnaStemshaug

Om Tustna
Satellittfoto av den tidlegare Tustna kommune. Tustna er den store øya kring midten og til venstre i bildet.

Tustna var den største og mest folkerike øya i den tidlegare Tustna kommune. Sidan kommunesamanslåinga den 1. januar 2006 har øya vore ein del av Aure kommune. Lokal uttale er ['thʉs:na] (N/A) med ['thʉs:n] (D). Tilstadsform blir ofte uttrykt med preposisjonen «på» + akkusativ og påstadsform ved same preposisjon + dativ:

  • «E ska på Tussna (A) næste vikkå.» (Eg skal [reise] til Tustna neste veke.)
  • «E é på Tussn (D) mykjy tå ti’n.» (Eg er på Tustna mykje av tida.)

Namnet vart oftast skrive Tusterendansk1800-talet. På nederlandske kart og bøker frå 1600-talet finst namnet i forma Toster Poster, Ooster Poster og Toester. Det er vel rimeleg å tenkje seg at Toster Poster er ei feiltolking av ei (ukjent) eldre kjelde med namn Toster Þoster. Ein antek at namnet kjem av norrønt Þústr (= ‘slegel’, ‘sliul’, ‘tust’) og at dette står i samband med Stabben på naboøya Stabblandet.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Dalan kring 1935
Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:] (nominativ/akkusativ), ["dɑɽɔ] (dativ)), oftast skrive som Dalen i offisiell samanheng, er eit småbruk under matrikkelgarden Hals ved Sålåsundet i Aure kommuneNordmøre. Bruket vart bygsla den 27. desember 1847, og den 8. september 1866 vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk. Bruket ligg mellom Ekkerbekkjen (Ekrebekken) i sør og Kvennabekkjen eller Sagelva i nord. Namnet Dalan kjem av dei mange dalane som var her føre innmarka vart planert i 1970-åra. Dalane er framleis der i utmarka. Det er funne fleire hundre flintavslag i Dalan. Truleg har det vore flintverkstad her ein gong kring yngre steinalder. Det vart òg funne restar av ei jarnmile under pløying. Det seiest at det var oppgangssag ved Sagelva i hollendartida. Seinare vart det sett opp kvennhus òg, og Sagelva skifta namn til Kvennabekken. Bekken blir òg stundom kalla Slettabekkjen. Både kvennhuset og saga vart rivne kring 1870. Tradisjonen seier at det første huset i Dalan var det som no er kjellaren på gammalhuset, og så vart tømmerkassen sett oppå seinare. Kjellaren hadde doble murar av naturstein i langveggene. I atterveggen var det ei luke som vart bruka til å ta inn potetane. Framveggen, med døra midt på, var lett. Det var ei stor grue i kjellaren. Etter at tømmerkassen vart sett opp vart grua bruka til flatbrødbakst på baksthelle og korntørking i gryte.   Les mer …

Bautaen av lys stein er kring 1,8 m høg.
Foto: Olve Utne
Gravrøysa med bauta på grensa mellom bnr. 1 og bnr. 240 (utskilt i seinare tid frå bnr. 4) av Leira i Aure kommuneNordmøre ligg på eit høgdedrag rett innom Leirsundet. Røysa, som trulig ligg rett på berget, er ei ovalrøys på kring 10×5 meter med høgd på kring 0,4–0,5 m. Bautaen, som står i midtpartiet, er av lys stein og er kring 1,7 m høg. Gravrøysa har vore overgrodd av tre i fleire tiår.   Les mer …

En ferietur til Møkkelfjellet i Valsøfjord av Ole A. Alsvik. Til tross for at jeg nu er 81 år gammel har jeg i sommer hatt min første virkelige sommerferie, og i den anledning tok jeg mig også en fottur for å besøke de forskjellige steder, hvor jeg har opholdt mig og hatt mitt arbeide, i manndoms- ungdoms- og barndomsår. Og turen blev så interessant for mig, at jeg fann på å skrive ned mine erindringer om turen, — og her er de: Fra mitt nuværende hjemsted, LeiraTustna, gikk turen en søndag nordover med skyss fra Gullstein til Vingsnesvågen, hvor jeg kjøpte mig mat og kaffe og fortsatte siden tilsjøss østover til Foldfjorden.   Les mer …

Stormoltå sett frå Kalvika.
Foto: Olve Utne
Stormolta, lokal uttale (Stor-)Moltå (nominativ/akkusativ) / (Stor-)Moltånn (dativ), er ein kring 300 m lang og 100 m brei, låg og furut holme med god jord i furene. Han ligg i Nordheimsundet (tidlegare kalla Nautsundet), mellom Stabblandet i sør og Solskjelsøya i nord. Både Stormolta og den mykje mindre holmen Litlmolta rett austom ligg til bnr. 1 av Solskjeløygarden. Tradisjonelt vart heile holmen avsvidd kvar vår, slik at det voks opp godt og saftig gras utover sommaren. Om somrane har holmen vore bruka til bekrehamning. Kring 10 m over flomålet lengst nord på øya ligg det mulige restar av ei rundrøys med truleg diameter på 5–6 m og ei høgd på kring halvmeteren.   Les mer …

Inni Den hellige Birgittas kapell.
Foto: Olve Utne
Den hellige Birgittas kapell er eit katolsk kapell vigd til St. Birgitta av Vadstena i JørenvågenTustna i Aure kommuneNordmøre. Kapellet, som er tilknytt Villa Humaniora / LS Holst–NK Larsens Bureau og ligg under St. Eystein meinigheit i Kristiansund, er lafta og vart innvigd av pater Alexandre Semajangwe Polepole den 4. juli 2007. Det er berre plass til kring tolv stolar inne, men etter inspirasjon frå det litle St. Georgskapellet i Neiden er det lagt opp til bruk av området utafor kapelldøra òg.   Les mer …

Innmarka på Storsetra på Tustna med Seterlia og Seteraksla i bakgrunnen
Foto: Olve Utne
Storsetra (IPA ["stu:se:tɾa] (nominativ/akkusativ), ["stu:se:tɛn] (dativ)), òg skrive Storsæter, er ein matrikkelgardTustna i Aure kommuneNordmøre i Møre og Romsdal. Garden ligg på vestsida av Sålåsundet og grensar til Innersetra i sør og Baggan i nord.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Tustna
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar