Forside:Fyresdal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. apr. 2011 kl. 21:39 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: {{Kommunemal |Flertall(er/ar) = ar |Distrikt = Vest-Telemark }})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • (Distrikt: Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark) • Vestfold • Østfold
KOMMUNE: Bamble • Drangedal • Fyresdal • Hjartdal • Kragerø • Kviteseid • Midt-Telemark • Nissedal • Nome • Notodden • Porsgrunn • Seljord • Siljan • Skien • Tinn • Tokke • Vinje

Om Fyresdal kommune
0831 Fyresdal komm.png
Fyresdal kommune er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen grensar mot Åmli, Bygland og Valle i Agder fylke, og mot Tokke, Kviteseid og Nissedal i Telemark. Høgaste punkt er Roan, 1 192 moh. Næringsvegane i kommunen er i all hovudsak skogbruk og jordbruk, i tillegg til vasskraftproduksjon. Fyresdal har mange gravhaugar og runesteinar frå vikingtida.

Namnet kjem av innsjønamnet Fyrir, det gamle namnet på Fyresvatn. Ordet fyrir er ein preposisjon som tyder det som ligg framanfor eller i vegen for ein. Dette gjorde vatnet då ein i folkevandringstida trengde seg oppover mot og inn i denne dalen utan farbare strender ein kunne ferdast langs.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Skredvatn. Skafså i bakgrunnen, Hauggrend i framgrunnen.

Skredvatn, også Skredevatn, ligg i nordre del av Fyresdal, 340 meter over havet. Vasskilet er syd for vatnet ved Skarkerud. Bekkar og elvar syd for dette renn via Fyresvatn vidare i Nidelva, medan vatnet frå Skredvatn via Foldsæelva kjem ned i Vråvatn og vidare i Nisser for så å møte vatnet frå Fyresvatn i Nidelva, som er ein del av Arendalsvassdraget. Skredvatn får sitt vatn frå liene og vatna omkring, men mest frå elvar og vatn i Tokke.

På austsida av vatnet ligg Hauggrend, ei solrik og vestvendt grend med frå gamalt av ein allsidig busetnad. Her ligg mellom anna garden Foldsæ, ein nedlagd landbruksskule. Det gamle namnet på vatnet er Foldsæ, det tyder det breie vatnet, vatnet som faldar seg ut. Etter segna kom folk i folkevandringstida frå syd opp til vatnet Fyrir, vatnet som ligg framom ein, i vegen for ein. På Skredvatn har det i uminnelege tider vore tømmerfløyting, og ved utløpet er det bygd ein større dam. Mykje tømmer kom ned i Skredvatn via elva som kjem frå Skafså, no ein del av Tokke kommune, og mykje tømmer kom og frå skogane på austsida mot Vrådal. Dette vart lagt opp i ruller på tømmerkast ved vatnet. Når så fløytinga skulle ta til, vart det kasta på vatnet og fløyta bort til dammen ved utløpet.   Les mer …

Den fyrste bygningen til Fyresdal Forbruksforening i Folkestadgata 24. Denne bygningen blei flytta bakover til Breifonn, Skippergata 2 i 1905 for å gje plass til ny handelsbygning.

Fyresdal Handelslag vart grunnlagt i 1871 med ein aksjekapital på 3080 kr. Handelslaget bestod opphavleg av tre filialar; hovudforretninga i Folkestadgata 24 i Folkestadbyen, ei forretning i Hegglandsgrend og ei på Øyane i Veum. I 1899 gjekk handelslaget på Veum ut som eiga forretning og vart heitande Veum Handelslag. Forretninga i Hegglandsgrend gjekk ut i 1916. Fyresdal Handelslag er gnr. 37/5/1. 17. februar 1872 heldt foreininga sitt fyrste årsmøte. 24. april peikar styret ut tomt til nytt hus - eit jordstykke på 1 ½ mål vert leigd i 1874 for årleg 1 ½ spd. Dette var eit stykke åker/eng på Århus grunn, Folkestad. Halvor Sitje og Daniel Svolestog fekk i oppdrag å flytte eit aktuelt hus til tomta. Huset kjøpte dei på Nordre Bondal (Fyresdal gnr. 64/2) i Kleivgrend, og bygningen kom opprinneleg frå Vodd. Dette var det fyrste huset i det som skulle bli "Byen" i Fyresdal. Dette var ei lita krambu. I 1886 bygsla Forbruksforeninga eit nytt stykke jord til 20 kroner årleg leige. Det var stadig ei utfordring med borgehandel også lokalt, men handelen gjekk godt.

  Les mer …

Folsæ i 1923, då det vart landbruksskule her. Undervisnings- og internatbygningen Dovrehalli er under bygging.
Foto: Ukjend

Foldsæ i Hauggrend i Fyresdal kommune (gnr. 93) er ein gard med ei mangslungen soge. Fyrst rydda i sameigeskogen i grenda, så ved kjøp utvida til ein relativt stor gard. Deretter ein periode som fattiggard, vidare som landbruksskule, økosenter, steinerskule, omgjort til aksjeselskap og til slutt i privat eige att. Namnet på garden har vore skrive på mange ulike måtar, til dømes Folsæt og Folsæ, men i 2011 vert namnet på garden skrive Foldsæ. Det er lite vi kjenner til garden frå eldre tider. I skattelistene av år 1585 er det nemnd at garden låg øyde, der er heller ikkje førd opp brukar i skattelista av 1593. I ein matrikkelprotokoll frå 1665 står det mellom anna: «Folsiøe skylder 2 Tønder Mel., er god Skouff.»

I 1595 kom Oslobispen Jens Nilssøn på visitasferd framom Foldsæ. Han skriv ikkje om sjølve garden, men fortel om namnet Foldsæ i ulike samanhengar, namn på veg, bru, elv og vatn.   Les mer …

Jon og Gro Kiland.
Foto: H.R.Norberg, Tvedestrand
Jon K. Kiland (1841-1922) i Kilegrend i Fyresdal var ein stor skogeigar og hadde etter kvart mange eigedomar, mellom anna Uppistog Kiland (gnr. 25/1) og Øvre Væting (gnr. 35/7). Kiland var ordførar i Fyresdal kommune 1902-04. I 1860-åra var der ei stor vekking i Vrådal. Jon Kiland var på eit stormøte der i 1873 og då vart han omvend. Frå den dagen gjekk han fullt og heilt inn for kristent arbeid. Jon kosta av eigen pengepung løn til predikantar som kom og heldt møte, og til predikantar som vart sendt ut.   Les mer …

Vegårsheirørsla var ei religiøs vekking i Aust-Agder og Telemark i 1860-70-åra.

Over Vrådal i Vest-Telemark gjekk det i 1860 ei eigedomleg vekking. Ekteparet John og Aashild Undeberg si trufaste forbøn var spira til denne, og den gudfryktige kvinna Gunhild Veamyrane spela ei stor rolle i denne rørsla.

I Vegårshei i Aust-Agder opplevde ein like etter, i 1870-åra óg ei omfattande vekking der sjømannen Tarjei Dalane og lensmann Knut Aas var sentrale skikkelsar. Det var menn som ikkje grov sine pund ned, men bruka sine nådegåver. Ikkje bare på Vegårshei, men óg utanfor bygda for dei som frimodige apostlar med den glade bodskap.   Les mer …

Folkestadbyen og jordbrukslandskapet rundt. Foto: Bjørn Østrem
Folkestadbyen kring 1930.
Folkestadbyen ligg sentralt i Fyresdal kommune. Dette er ei samling hus som ber preg av ein hageby og vart bygd opp etter år 1870 stort sett av handverkarar. Når folk i sentrale delar av Fyresdal skal burt i sentrum i ein forretning eller eit anna ærend, seier dei enno at ein skal ein tur burt i «byen».   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Fyresdal kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar