Forside:Vinje kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • (Distrikt: Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark) • Vestfold • Østfold
KOMMUNE: Bamble • Drangedal • Fyresdal • Hjartdal • Kragerø • Kviteseid • Midt-Telemark • Nissedal • Nome • Notodden • Porsgrunn • Seljord • Siljan • Skien • Tinn • Tokke • Vinje

Om Vinje kommune
0834 Vinje komm.png
Vinje kommune er ein kommune i Telemark fylke. I 1964 vart dåverande Vinje kommune slegen saman med Rauland kommune. Vinje kommune ligg øvst i Telemark og strekkjer seg langt inn i Hardangervidda nasjonalpark.

I utstrekning er kommunen den største i Telemark fylke, og grensar i vest til Suldal i Rogaland, Ullensvang i Vestland, i nord til Nore og Uvdal i Buskerud, i aust til Tinn og Seljord i Telemark, og sør tilsvarande mot Tokke i Telemark og Bykle i Agder. Vinje er slik den einaste kommunen i Noreg med grense mot fire fylke.

Den kjende vintersportsstaden Rauland ligg i Vinje kommune og trekkjer til seg mange turistar om vinteren. Vinje er ein kommune med mykje vasskraft. Fleire kulturpersonar har tilknyting til Vinje. I Vinje finst det faste kunstgalleri. Rauland akademi er eit senter for handverk og folkemusikk.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Halldis Moren og Tarjei Vesaas på besøk hjå Tore og Aaslaug Ørjasæter i 1937.
Foto: Ukjent, frå Kristian Hosar sin samling

Halldis Moren Vesaas (født 18. november 1907 i Trysil, død 8. september 1995 i Oslo) var forfattar. Ho voks opp på faren sin gard Moren i Trysil. Han tok over bruket etter far sin i 1909. Ved sidan av gardsdrifta var han diktar og ungdomsleiar. Mora hans, Hanna Moren var ein viktig tradisjonsberar; mange av songane og lokkane som O.M. Sandvik skreiv ned kom frå ho. Halldis Moren byrja å skrive soger i Norsk Barneblad allereie som niåring.

For å få ei allmennutdanning gjekk ho i tre år på Elverum lærarskule, og tok eksamen i 1928. Men ho hadde ikkje planer om å bli lærar; i staden byrja ho som kontordame i Oslo Fylkeslag av Noregs Ungdomslag, med kontor på Heim for landsungdom i Nordahl Bruns gate. Ho tilhøyrde i den tida ein krets der ein fann Kai Fjell, Åsmund Sveen og bror hennar, Torleiv Moren.   Les mer …

Knut H. Gunvaldjord sin assorterte landhandel.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Knut H. Gunvaldjords Landhandel låg i Edland i Vinje kommune. Forretninga vart starta i 1936.

Innehavaren av landhandelen var Knut H. Gunvaldjord. Forretninga var ein assortert landhandel med utval i kolonial, mjøl, brød, manufaktur, skotøy, jernvarer, feitevarer, malervarer, forstoff m.m. Forretning heldt til på eiga eigendom. Verksemda omfatta også ei engrosforretning med geiteost. Gunvaldjord dreiv i tillegg lastebiltransport og gardsbruk.   Les mer …

Sigrun Berg fotografert i sin vevestue i Damstredet 20 i Oslo i 1962.
Foto: Oslo Museum/Leif Ørnelund.
Sigrun Karoline Matina Berg (født 18. mai 1901 i Kristiania, død 18. mai 1982 i Oslo) var kunsthåndverker med egen vevstue. Hun var en ledende skikkelse i norsk tekstilkunst i etterkrigstida, ikke minst er hun kjent for skjerfa hun produserte, som var svært populære på 1970-tallet. Produktene hennes holdt høy standard, og bidro til å gjøre norsk design kjent også utenlands.   Les mer …

Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870).
Aasmund Olavsson Vinje (født 6. april 1818 i Vinje, død 30. juli 1870 i Gran) var forfattar, diktar og bladmann. For mange er han mest kjent for det han skreiv om norsk natur, særleg om fjellheimen. Dikt som «Blaamann» og «Ved Rundarne» («No ser eg atter slike fjell og dalar») er kjent av eit stort publikum også i dag. Han var også ein samfunnsrefsar og målmann med sterke meiningar, og ein pioner i journalistfaget. Aasmund Olavsson måtte tidleg byrja å arbeide på garden. Gjetarlivet skulle gje mykje stoff til seinare skriving, og han meinte at røynsle frå arbeid- og friluftsliv var vel så viktige som skulegang. Etter konfirmasjonen i 1834 meinte både presten og faren at han burde verta lærar, og han vart send til Kviteseid Seminar. Etter to vintrar der tok han eksamen i 1836, og fekk beste karakter. Han var omgangsskulelærar i to grender i Vinje i åra 1836–1841. Så drog han av stad for å få meir utdanning på Asker Seminar, der han tok eksamen sommaren 1843.   Les mer …

Livius Smitt
Foto: Sogn og Fjordane fylkesleksikon

Livius Smitt (fødd 8. oktober 1840 i Vinje i Telemark, død 4. mars 1890 i Brevik) var sakførar, redaktør og politikar. Frå våren 1866 var Smitt fullmektig hjå sorenskrivaren i Hardanger og Voss, og hausten 1867 fekk han autorisasjon som overrettssakførar og busette seg i Florø. Her kom han raskt inn i lokalpolitikken. I 1868-69 var han formann i matrikuleringskommisjonen for Sunnfjord og Nordfjord futedøme, og i 1872 valde amtsformannskapet han inn i direksjonen for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, der han sat til 1881. Som styremedlem i dampskipsselskapet hadde han møterett i amtstinget, og her markerte han seg som den sterkaste motstandaren mot å selje selskapet til private.

Som 34-åring vart Smitt i 1874 ordførar i Florø, eit verv han hadde så lenge han budde i byen (til 1881). I 1874 sette han òg i gang Nordre Bergenhus Amtstidende, den fyrste avisa i fylket, og med nokre opphald redigerte han avisa til 1879. Han sat òg i amtsskattekommisjonen 1875-81.   Les mer …

John Rongved

John Rongved (fødd 26. november 1885 i Haus, død 26. november 1950 i Eidskog) var son av lensmann Magne Johnsen Rongved og Brita Johnsdotter. Han gifte seg 2. mai 1916 i Rauland, der kona Aasne f. Kostveit (1895-1992) kom frå. Rongved vart student i 1909 og cand.theol. ved Menighetsfakultetet i 1914, og i juni 1915 vart han utnemnd til stiftskapellan i Agder bispedøme.

Den 5. mai 1916 vart han utnemnd til sokneprest i Jostedalen, og han vart innsett i embetet 30. juli. Då han tok over som skulestyreformann i Jostedalen, vart han den fyrste presten som førte møteboka på nynorsk (sjå Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen).

Han forlet Jostedalen 30. juni 1920 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Vossestrand 16. april. I 1925 vart han sokneprest i Vinje i Telemark og i 1931 prost i Vest-Telemark. I 1934 vart han så prost i Eidskog og i 1938 prost i Vinger og Odal, og i 1945 fekk han avskil.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Vinje kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar