Fjellsamar, tidligare òg kalla fjellfinn(ar) eller fjellappar, er samar som held til på høgfjell og vidder enten heile året eller deler av det. Næringsvegen blant fjellsamar er tradisjonelt reindrift, gjerne i ekstensiv form — relativt mange dyr per familie og med vekt på kjøttproduksjon heller enn meir arbeidsintensiv mjølkeproduksjon. Fjellsamane i fjella mellom norske og svenske område har i periodar måtta betalt skatt til både Noreg og Sverige. I det minste i nyare tid er inndelinga i sjøsamar, fjellsamar og skogssamar på mange vis språklig og kulturelt mindre viktig enn inndelinga i grupper etter språk. Såleis finst det fjellsamar som språklig og kulturelt er i alle fall nordsamiske, lulesamiske, pitesamiske og sørsamiske. Les mer …
Verdas urfolksdag blir markert den 9. august. Dagen vart innstifta av FN i 1994 som ein lekk i å fremje internasjonalt samarbeid om urfolksspørsmål. Dagen er ei årleg markering av urfolks kultur i sine mangfaldige ovringar jorda rundt, og skal også tene til å fokusere på dei problema urfolk står andsynes mange stader i form av diskriminering, ekskludering, fattigdom, og somme stader direkte valdeleg undertrykking. Ein reknar med at det i dag er om lag 370 millionar menneske som tilhøyrer urfolk, spreidd over 90 ulike land. Urfolk er folkegrupper som har levd i eit område føre det vart kolonisert eller gjort om til ein stat, og som ikkje identifiserer seg med den statsberande kulturen i landet. I Noreg har samane status som urfolk. Les mer …
Møte i Lesja Fjellstyre kring 1956, Olaf Heitkøtter i midten bak. Foto: Ukjent
Olaf Heitkøtter (fødd 26. mars 1928 i Sel, død 11. oktober 2013 i Lesja) vart i 1950 tilsett som den første fjelloppsynsmann på heiltid i Noreg, og var aktiv i naturforvalting og naturvern heile livet. I 1989 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull for denne innsatsen.Olaf vart tidleg natur- og friluftsinteressert og meldte seg inn i Sel Fiskeforening alt i konfirmasjonsalderen. Denne foreininga dreiv med utsetting av yngel i elver og vatn, og dette var noko som interesserte Olaf i særleg grad. Han dreiv sjølvstudium i fiskeoppdrett og hadde planlagt å søkje seg inn på ein svensk fiskeriskule, men vart avbrote av militærteneste i Tysklandsbrigaden. Dette vart likevel ei viktig erfaring, for han var forlagt like sør for grensa til Danmark og fekk høve til å besøke fiskeoppdrettsanlegg der. Mange danske bønder hadde enkle anlegg og produserte fisk for sal, og nokre hadde òg små klekkeri der dei skaffa seg yngel til eige bruk eller sal. Les mer …
I Gravdalen i Vågå, heilt nord mot grensa til Lesja kan ein finne ei unik samling av gamle fangstanlegg for villrein.
Gravdalen er ein om lag 4 km lang dal som går frå eit skard mot Gjerdingsdalen på sørsida og til Skjervedalen på nordsida. Skardet i sør er på om lag 1500 m.o.h. og Gravdalsåe renn nordover ut i Skjerva på om lag 1140 m.o.h.. Båe grenseelvene, Gjerdingåe og Skjerva, renn i til dels bratte og uframkomelege gjel, noko som gjer at villreinen som beitar i området må krysse Gravdalen på vandringane mellom dei austlege og vestlege beiteområda. Dette har freista dei gamle fangstfolka til å bygge ei rad fangstanlegg langs dalen. Les mer …
|