Alfred Heaton Cooper

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kunstmaler Alfred Heaton Cooper i Balestrand

Alfred Heaton Cooper (fødd 1863 i Bolton, Lancashire i 1863, død 1929) var kunstmålar, bokillustratør og forfattar.

Bakgrunn

Cooper vaks opp som den eldste av fem sysken. Til han var 21 år arbeidde han med rekneskap, men brukte all fritid på å teikne og male på heiane og so langt unna som Yorkshire og Lake District. Resultata var gode nok til å sikre eit stipend til kunstskulen i Westminster, London i 1884. Han var oppteken av å male natur og landskap. Cooper var ikkje berre ein anerkjend kunstmålar, men òg ein kjend bokillustratør og forfattar.

Han var glad i å reise, og han kom til Noreg i 1891. Etter å ha reist rundt i Hardanger i fire månader, kom han til Balholm i Balestrand i november same år. På turen måla han lokalt bondeliv.

I Balestrand høyrde han om dei etablerte kunstnarane, Eilert Adelsteen Normann og Hans Dahl, og let seg freista til å bli ein del av denne målarkretsen. Han fekk losji hjå Kviknes Hotel og vart der til juni 1892.

2 år seinare vende han attende til Balholm med dampbåten inn Sognefjorden. Det ante han nok allereie ved det fyrste besøket at det låg ein interessant marknad for ein landskapsmålar hjå tilreisande turistar frå England og USA.

The Olde Pier, Balholm - Brygga framfor Hotel Balestrand.

Frieri

Han forelska seg i den unge Matilde Valentinsen i Balestrand, dotter til fargaren Rasmus Valentinsen. Møtet mellom Matilde og Alfred hausten 1891 gjorde så sterkt inntrykk på dei begge at då Cooper, vel heime i England att, skreiv og fridde. Ho svara ja, sjølv om Alfred levde til eit økonomisk usikkert liv i England.

Atelier og heim i Cooperhuset

Cooperhuset på Balholm
Foto: Siri Iversen, 2017

Dei slo seg til i Balestrand og bygde i 1905/06 villaen på kaien som dei lokale kallar Cooperhuset. Der levde familien og Cooper kunne arbeide i atelieret sitt fram til 1908, då inntektene til Cooper svikta og dei måtte selje huset. Familien flytte då til England.

Interesse for norske tradisjonar

Alfred reiste mykje kring i landet og vart godt kjend med både land og kultur. Han er naturleg nok oppteken av landskapet han møtte, men skissene frå denne tida vitnar også om stor interesse for alle sider ved dagleglivet langs fjordane. Han har gjort nærmast antropologiske studium av arbeidsreiskap, matskikkar og byggeskikk, og i alle samanhengar har han notert seg norske namn og relevante uttrykk. Han var nok ulik mange andre reisande på denne tida ved at han relativt raskt lærte seg språket. Etter kvart skreiv han også godt norsk.

Han var særleg begeistra for norsk byggeskikk, og tinga difor eit ferdig drakestilshus frå Jacob Digre i Trondheim, som vart skipa til England og reist i Grasmere i Yorkshire. Der var det studio og galleri. Etterkvart kom det også fem barn i familien, der fire vaks opp: Ellide, Frithjof, William og Una.

I England er Alfred kjend som ein av dei finaste viktorianske landskapsmålarane og arbeida hans finst i dag i fleire offisielle samlingar. I Grasmere fins framleis ”The Heaton Cooper Studio” der ein kan sjå og kjøpe reproduksjonar av Alfred sine arbeide frå Lake District. Ein kan òg sjå arbeida til dei to etterfylgjande generasjonane av Heaton Cooper familien; sonen William og barnebarnet Julian.

Kjelder

  • Jordal, Solveig: Vestnorsk reiselivsmuseum, 1997.
  • Melkild, Arne: Kunstnarliv, 1993.
  • Hveding, Øistein: Landbrukets gjeldskrise i mellomkrigstiden: Statens lånekasse for jordbrukere, 1982.