Cooperhuset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Cooperhuset i Balhom, Balestrand. Denne drakestil-villaen blei bygd i perioden 1905–1906, og skal ha vore eit ferdighus bestilt frå Jakob Digre. Byggeherren var den engelske kunstnaren Alfred Heaton Cooper. Han kom til Balestrand for første gong i 1891, og blei seinare gift med balestrendingen Mathilde Marie Valentinsen. Manglande inntekter gjorde at dei selde i 1908. Kjøparen var Georg Sverdrup. Enka hans, Julie Pauline Sverdrup, budde der etter han døde.

Kring 1920 gjekk eigendomen over til Kvikne-familien, og fram til 1940 budde dei i andre etasjen under turistsesongen. Første etasjen blei leigd ut når Kviknes Hotel var fullt. Her har òg hotellet sine tilsette budd, og Gudrun Handal hadde frisørsalong her ein periode.

Bygningen er intakt, med unntak av vindeltrappa som gjekk frå vindauget. Heaton Cooper kjøpte seg eit anna norsk ferdighus som han lot bygge i Coniston, England. Huset blei seinare flytta til Ambleside, der det står i dag. Det har blitt brukt som atelier og galleri. I seinare tid har det blitt brukt som restaurant.

Kjelder og litteratur