Forside:Kulturminneregistrering i Volda

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Kulturminneregistrering i Volda
Kulturminneregistrering i Volda er eit prosjekt som kom i gang i samband med arbeidet med kulturminneplan for Volda kommune, som starta opp våren 2017. Her tek ein sikte på å samle informasjon om så mange kulturminne som muleg innafor kommunegrensene, og mange både tidlegare artiklar og nyskrivne vil etter kvart bli kopla til prosjektet.   Les mer ...
 
Smakebitar
Haslekroken klar til bruk
Haslekroken, på godt austefjordsk «hasljekrokjinj» eller "natakrokinj", er ein reiskap som har gått ut av bruk for fleire tiår sidan. Den var ein par meter lang krok av tre, vanlegvis laga av hassel eller bjørk. I tjukkaste enden var det ei grein eller rot som danna ein kraftig krok. Brukaren heldt i den tynne enden.

Alle reidskapar blir oftast brukt til fleire ting. Den same, eller ei litt grovare utgåve var med når storuksane/"foreiningsuksane" skulle hentast frå sommarhamning. Då vart den brukt til å krøkje i naseringen for å få tau i ringen og dermed kontroll på uksane som oppførte seg som udyr etter månader på frifot.

Plukking av nøtter – nataplukking – var attåtnæring der gardane hadde hassel eller i daglegtale «nataskog». Hasselen er bøyeleg og føyeleg. Haslekroken vart brukt til å bøye ned greinene slik at den som plukkar kan unngå å klatre. Ein var ofte fleire i fylgje. Den som var tyngst og sterkast brukte kroken og henta ned grein for grein og heldt medan den som var snar plukka neter, gjerne med hamsen på. Så tok ein fangsten med heim og la den til turk og modning slik at alle netene sleppte hamsen av eigen fri vilje. Når netene sleppte hamsen var dei gjerne svakt brune på let/farge.   Les mer …

Kart over indre del av Austefjorden
Notlag i Austefjordområdet. Fjordagardane på Vestlandet har hatt behov for matauk meir enn det garden kunne gi, slik var det også på gardane i Austefjorden i Volda. Dette var meir naudsynt i gamledagar enn no. Gamle dagar er vel ikkje så langt att i tida i denne samanheng. Ser ein på korleis det var i 1930-åra, så var det ikkje så mykje kontantar mellom folk. Gardane var små så maten frå fjorden var naudsynt for både livberging og busetjing. Heimefiskje høyrde kvardagen til, og den som var heime tok del. Ein kan seie at fjorden berga liv, men nokre gonger gjekk det gale, og fjorden tok liv.   Les mer …

Årset notlag, og kalla Årsetnotalaget, var eit av fleire notlag i Austefjorden eigd av gardane Årset, Årsetøya, Aurstad og Skjeret då det vart avvikla i 1963. Notlaget vart delt 1932. Dei som gjekk ut og danna Håvik notlag var fire bruk i Håvika, to bruk i Hamre. Vikestranda gjekk over frå Årset til Håvik notlag 6. juli 1946. Skjæret kjøpte seg inn i Årset notlag på dette tidspunktet.

Notlaget hadde hus til båt og bruk på Årset. Då det vart investert i endesnurpe i 1951, måtte ein også investere i nytt nothengje. Nytt nothengje på Laberget på Aurstad vart teke i bruk i 1952. Naust til båtane med halvetak på vestsida av nothengjet var ferdig i 1953. Medan Årset notlag byggde hengje turka dei not på nothengjet til Holsvik notlag.

Laget dreiv med sekkjenot og landnot i Austefjorden. Då Austefjordingane sette motor i fiskebåtane sine leigde Årset notlag motorbåt til sleping og då vart området å drive i utvida. "Litleveiren" vart kjøpt i 1937, nota vart heitande Landnota og brukt frå den nye båten. Ved kjøp av brukt øyresnurpe/snurpenot på Bergenskanten i 1951 vart denne brukt på sunnmørsfjordane med notbåt, øyrebåt, slepebåt og loddebåt / lettbåt.

Setjing av Storenota
Årset notlag brukte not for siste gong sommaren 1963. Deretter vart brukbart utstyr selt, området på Aurstad rydda og laget avvikla som dei fleste andre store notlag langs fjordane her.

Årset notlag er godt dokumentert gjennom notat og rekneskap tilbake til 1870-talet. Andreas Årsetøy f. 1902 har dokumentert drifta med:

  • Modellar om båtar, hus og nøter utstilt i Austefjord Museum.
  • Film, 8 mm, frå 1950-talet.
  • Stykke i Kjeldearkiv:Om Aarset notlag Årbok 1976 Sunnmøre Museum: Notlaget frå Austefjorden.
Båtsamlinga til Sunnmøre Museum har to båtar frå dette laget: "Storenotabåten" (brukt til «Lissjeveren» overtok nota 1937) og den gamle spelbåten, brukt til 1951. Desse syner korleis notbåt og spelbåt såg ut så lenge det var robåtar.   Les mer …

SS «Nevada», modell, babord side

Kvalfangst med seglfartøy i Nordatlanteren Nebbkval-/bottlenosefangst i Nordatlanteren frå Sunnmøre/Ålesund gjekk føre seg i tiåra rundt 1900 (1888 -1915) med spesialutrusta seglfartøy på 55 – 100 netto registertonn (sjå tabell nede i stykket). Fartøya var fyrst kjøpt brukt frå USA og England/dei britiske øyar. Seinare vart det kjøpt nye og brukte fartøy i Noreg. Størrelse og utrusting på fartøya var tilnærma lik for fangst og lasting rundt 1900. Tidleg og seint i perioda var der heftig forsking på fartøy og utstyr. Kvalfangarane var opptekne av god funksjon, ikkje detaljar. Dei sorterte fartøya i to typer etter seglføring, skonnertar og skværseglarar.

Fangstinga fylgde vandringa til nebbkvalen og fangsten var spekk til oljeproduksjon. Kvalen fylgde truleg vandringa til ein blekksprut/akkar. Kvalfangarane sjekka av og til mageinnhaldet til kvalen som var mest blekksprut med innslag av litt sild og torsk.   Les mer …

Rosekyrkja i Stordal
Foto: Kristian Almås/Fortidsminneforeningen
Webjørn Maler, eller Webjørn Olsen Hamersbøen, var ein av dei markerte rosemalarane i Hallingdal i si tid. Webjørn var fødd i 1766 i Hol. Det var mange framståande rosemalarar i Hallingdal i hans samtid. Webjørn flytte derfor tidleg ut, til Vestlandet, der det var lettare å finne arbeid enn i heimetraktene. Her blei han etter kvart ein ettertrakta kyrkjemalar, kjend som Webjørn Malar eller Webjørn Halling. Etter ei tid slo han seg ned i Loen i Nordfjord, der han gifte seg og skaffa seg gard.   Les mer …

«Øyrebåten» tek fast på babord side av MB «Rolf» etter set
«Holsvik-øyrebåten» eller «Øyrebåten/Spelbåten», brukt i Holsvik notlag saman med «Storenota» (landnot), truleg frå 1951 som øyrebåt på snurpenota. Hang ved bruk i enden på snurpenota, rigga slik at den la seg på tvert og bremsa så ein fekk laus notenden og fekk nota til "å gå". Vanlegvis var der ein mann om bord i øyrebåten når nota skulle setjast.

Truleg er den byggd då notlaget gjekk til innkjøp av MB «Timann» M 46 VA i 1946. Notlaget har og truleg fått den fram på dugnad då der var to båtbyggjarar i notlaget, Rasmus Løfoll (1887 - 1979) og Einar Høydalsvik (1920 - 1997). På Løfolla er der høveleg skog, så notlaget trengde eigentleg berre å kjøpe to pakkar båtesaum og tre meter tau til belag og hamleband. Dette var rett etter 2. verdskrig og det meste var mangelvare. Der var og to røynde anleggssmedar i notlaget, Laurits Djuvik (1894 - 1984) og Harald Botn (1908 - 1976), så det var ikkje så lenge gjort å smi noko saum heller om naudsynt. Denne spelbåten var ein sterkbygd gavlbåt med rull i dokker bak og hengsla spel på tofta bak rotofta (noko liknande som ein ser på Lissjenotabåten (sjå under Holsvik motlag). Då tofter og tverrband vart demonterte ved innsetjing av motor vart den for veik i skroget og den fekk etter kvart lagt i meir innved i form av lekter på bordinga, og forsterka rekke.

  Les mer …
 
Kategoriar for Kulturminneregistrering i Volda
ingen underkategorier
 
Andre artiklar