Forside:Lom kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Lom kommune
0514 Lom komm.png
Lom kommune er ein kommune og ei bygd i Ottadalen i Innlandet fylke. Kommunen grensar i nordvest til Skjåk, i nord til Lesja, i aust og søraust til Vågå, i sør til Vang og i sørvest til Luster. Noverande Lom kommune er hovudsoknet, Garmo sokn og Bøverdalen sokn av det gamle Lom prestegjeld, og vart etablert som Lom herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1866 vart Skjåk sokn fråskilt Lom herad og prestegjeld.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Tosten Raudskjegg på Nedre Nørjordet, fotografert i døra til eldhuset der han budde som føderådsmann.
Foto: Ukjent.

Tosten Pålsen Auale (fødd i Skjåk 29. november 1845, død same stad 1. juni 1924) var gardsarbeidar og småbrukar. Han er betre kjent under kallenamnet Raudskjegg-Tosten eller Tosten Raudskjegg, som Olav Aukrust nytta som tittel på eit dikt om ein nifs og vondlynt, men karismatisk skapnad som var truandes til å stå i direkte samband med Fan sjøl. Han hadde eit par oppnamn som refererte til dei trolldomskreftene mange meinte å ha erfart at han hadde: Ronkall-Tosten og Troll-Tosten.

Enda eit kjent oppnamn på Tosten Pålsen var Budei-Tosten, som viste til det yrket som Tosten mykje attåt hadde ein monaleg del av livet sitt. Han var fjøsrøktar på ymse gardar i Skjåk før han sjølv vart småbrukar nedst i Bøverdalen i Lom. Han blir stundom også omtala som Tosten Nørjordet etter namnet på bruket han overtok.   Les mer …

Hytta ved Pollvatnet. Hildur og Jo Turtumøygard sitjande til høgre.

Jo Turtumøygard (fødd i Lom 18. mars 1898, død same stad 5. januar 1984) var lærar. Han hadde mangfelte interesser, og var aktiv på mange måtar innan kulturliv, organisasjonsarbeid og generelt samfunnsengasjement. Ikkje minst er han kjend som ein forkjempar for lokalt kulturvern. Særleg arbeidet i Lom heimbygdslag og bygdemuseet opptok han sterkt i seinare år. Han har mykje av æra for at heimen til Tor Jonsson vart teke vare på og gjort til museum. Turtumøygard var ein nær ven av den ein god del yngre diktaren.

  Les mer …

Gravsteinen til Jakob.

Jakob Bersveinsson Klukkstad (død 1773) er rekna for å vera den «fremste tå døm, som … gjorde døla-uthogsten (akantusskurden) så namnkunnog», iflg. Ivar Kleiven. Jakob var frå Lom og kom til Lesja kring 1742 for å lage ny preikestol til Lesja kyrkje. Han flytte til bygda og var busett på Nordistugu Klukkstad i Lesja i alle fall frå 1746 til han døydde i 1773.

Lesjingane bygde så ny kyrkje (ferdig 1749), og Jacob fekk oppdraget med å dekorere altartavla. Ho er rekna som meisterverket hans og var kanskje ikkje ferdig før i 1760-åra (sjå bilde nedafor). Han laga òg tre andre altartavler: til Skjåkkyrkja i 1751, Heidalskyrkja i 1754 og Kors kyrkje i Romsdalen.   Les mer …

Anne Eggen
Foto: Ukjent.
Anne Eggen (fødd i Lom 28. desember 1852, død på Sannerud i Stange i 1917) var ein pioner i kvinnesak og politikk i Lom. Ho var truleg den fyrste kvinna i landet som var leiar i eit politisk partilag, da ho i 1894 vart vald til «formand» i Loms Venstreforening. Det var sju år før kvinner fekk avgrensa røysterett ved kommuneval, og nær 20 år før kvinner fekk full statsborgarleg røysterett på linje med menn (1913).   Les mer …

Lom stavkyrkje. Presten og klokkaren her var kvasse motstandarar i målstriden rundt år 1900.
Foto: Dag Bertelsen (1997)
Språkskiftet til nynorsk i Lom skjedde tidleg. Det var den fyrste bygda på Austlandet som innførte landsmålet som skulemål. Det skjedde i 1899, i alle skulekrinsane i bygda. Språkskiftet hadde nær samanheng med den blomstrande norskdomsrørsla som Christopher Bruun hadde sett i gang i Gudbrandsdalen i siste tredelen av 1800-talet. Fleire av dei som rydda grunnen og stilte seg i spissen for språkskiftet i Lom, hadde sjølve vore elevar av Bruun på folkehøgskulen hans i Sel og/eller i Gausdal. Andre hadde i barneskulealderen gått på Andreas Austlid sin friskule på Ofigsbø i Lom i 1870-åra. Friskulen var ein avleggjar av Bruuns folkehøgskule.   Les mer …

Storstabburet

Storstabburet ved Lom bygdamuseum er eit staseleg tømrahus i tre høgder bygd i 1613 eller kort tid etter. Det er i dag ein del av museet og inneheld ei utstilling om «Vatn og korn» - dei spesielle vatningsteknikkane Nord-Gudbrandsdalen er kjent for og kva korndyrkinga har hatt å seie opp igjennom tidene.

Huset vart bygd som tiendebu for Lom prestegjeld, som den gong òg omfatta Skjåk. Ivar Kleiven meiner grunnen til at huset vart bygd så stort var at den samla tienda (til kongen, presten og kyrkja) frå Lom kunne vera så mykje som 300 tønner.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Lom kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar