Forside:Sel kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Sel kommune
0517 Sel komm.png
Sel kommune ligg i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke, og grensar mot Dovre og Folldal i nord, Sør-Fron i nordaust, Nord-Fron i aust og sør og Vågå i vest. Den noverande Sel kommune vart danna i 1965, då Sel, Heidal og delar av Vågå og Nord-Fron kommuner vart slegne saman.

Administrasjonssenter er Otta, den største tettstaden. Andre tettstadar er Nord-Sel, Sandbumoen, Dale og Bjølstad.

Sel er ein land- og skogbrukskommune. Det er òg steinindustri som sysselsett omkring ein fjerdedel av dei yrkesaktive. Dette er ei gammal næring i Sel. Dovrebana (med stasjon på Otta) og E6 går gjennom kommunen.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Marcello Haugen.
Foto: Faksimile fra Bergo (1974): De klarsynte.
Marcello Haugen  (født 6. juli 1878 på Kongsberg, død 30. desember 1967 på Lillehammer) var selverklært natur-lege og 'synsk'. Han var omstridt i sin samtid, og ble beskyldt for å være kvakksalver og bløffmaker, men var landskjent og ble oppsøkt av mange mennesker gjennom flere tiår.   Les mer …

Christi Brandser
Foto: Ukjent/Skjåk historielag.
Christi Brandser (fødd 1861 i Skjåk, død 1931 i Heidal i nåverande Sel kommune) var lærar og gardbrukar. Han var også ein ivrig amatørfotograf, og dessutan kjend som oppfinnar. Førenamnet er stundom skrive Christie, Kristie og somme stader mistydd som Kristen.Han var fødd og oppvaksen på garden Nørdre Brandsar i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Kristen Hansen på Brandsar (1830-1865) og Margrete Erlandsdotter frå Sygard Kvåle (1827-1907).   Les mer …

Ingeborg Møller ca. 1930-1935.
Foto: Ukjent.
Ingeborg Møller (fødd 29. desember 1878 i Oslo (Kristiania), død i Oslo 18. februar 1964) var forfattar, lærar, samfunns- og kulturdebattant. I tidsrommet frå 1904 til ca. 1920 brukte ho ektemannens etternamn Lindholm. Møller var ein av grunnleggjarane av den antroposofiske rørsla i Noreg på det tidlege 1900-talet. Ho verka mykje til at delar av norskdomsrørsla, spesielt det grundtvigianske miljøet i Gudbrandsdalen, vart influert av denne åndsretninga. Mellom anna arbeidde ho saman med lyrikaren Olav Aukrust og kunstmålaren Hallvard Blekastad ved Dovre folkehøgskule. Møller gav ut ca. 15 bøker i tidsrommet 1923-1958, av desse ei rekkje historiske romanar, biografiske framstillingar og andre sjangrar.   Les mer …

Dovre folkehøgskule på Romundgard i Sel skuleåret 1919-1920. Andreas Austlid i andre rekkja nr. fem frå venstre. På venstre side av han Ingeborg Møller (Lindholm). Thorleif Schirmer bakarst i døropninga (med skjegg).
Foto: Ukjent
Dovre folkehøgskule var i verksemd på Dovre frå hausten 1915 til våren 1918, dvs. i tre skuleår. Skulen var ein direkte oppfølgjar av ein tilsvarande grundtvigiansk folkehøgskule i Gausdal 1913-1915. Etter tida på Dovre vart det eit framhald i Sel 1918-1922. Den sistnemnde blir også gjerne omtala under nemninga Dovre folkehøgskule.Skulen var særmerkt av dei kjende kulturpersonlegdomane som var lærarar der og/eller som støtta opp om han på anna vis. Miljøet som utvikla seg der, kan seiast å ha vore eit møte mellom på den eine sida det grundtvigianske norskdomsmiljøet som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av, og på den andre sida den spirande antroposofiske rørsla i Noreg fyrst på 1900-talet. Den eldre norskdomsrørsla var direkte representert ved Andreas Austlid. Fremst i den nye generasjonen stod diktaren Olav Aukrust og kunstmålaren Hallvard Blekastad. Dei to var nære vener, tremenningar og svograr frå det ein med god rett kan kalle eit norskdomsdynasti i dalen, familiane Blekastad, Ofigsbø og Aukrust. Både Olav Aukrust og Hallvard Blekastad vart sterkt inspirerte av antroposofien.   Les mer …

Andreas Austlid.
Foto: Ukjent
Andreas Austlid (fødd 26. desember 1851 i Gausdal, død 27. august 1926Østre Toten) var folkehøgskulemann og lærebokforfattar. Han dreiv friskule i Lom, var lærar ved fleire folkehøgskular, og grunnla sjølv Møre folkehøgskule. Austlid var forfattar av det fyrste heile leseverket for barneskolen på nynorsk. Han var fødd på garden Austli i Østre Gausdal, ein mellomstor gard med tre-fire husmannsplassar den tida Andreas voks opp. Andreas var nesteldste son til husbondsfolket der, Anders Eirikson frå Midtvoll (1812-1889) og Ingeborg Andersdotter frå Toft (fødd 1824). Foreldra hadde kjøpt Austli i 1849. Etter den vanlege allmugeskolen gjekk Andreas i to vintrar på Christopher Bruuns folkehøgskule på Romundgard i Sel (1869-1871). Han var også med den fyrste vinteren etter at skulen vart flytta til heimbygda hans (1871-1872). Tida på folkehøgskulen vart skilsetjande for Andreas, og la retninga for hans seinare virke.   Les mer …

Ivar Dahle.
Foto: Ukjent.

Ivar Dahle (fødd 16. mai 1877 i Gulen, Sogn, død i Heidal i nåverande Sel kommune 26. august 1949) var folkeskulelærar og lokalpolitikar. Han var ordførar i Heidal i nær 25 år, fyrst som arbeidardemokrat, sidan som kommunist og arbeidarpartimann. Dahle var ein av dei fyrste av ganske mange sosialistiske vestlandslærarar som gjorde seg gjeldande i Norddals-bygdene i mellomkrigstida.

Han gjekk i bresjen for ei rekkje store tiltak i Heidal, som bureising, vegbygging, skuleutbygging og anna. På regional basis markerte han seg særleg i samferdselspolitikken, som talsmann for kommunal rutebildrift. Han var målmann og gjorde mykje for å få til språkskiftet til nynorsk i kommunen.

Han var ein særs omtykt og på same tid sterkt omstridd ordførar i ei vanskeleg tid for bygda. Dahle vart til slutt pressa ut av politikken som følgje av kvasse fraksjonsstridar i den lokale arbeidarrørsla rett før krigen. Under krigen vart han fråteken heim og arbeid, og han vart fengsla av Gestapo.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Sel kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar