| Smakebitar fra artiklar
|
Framskåp laga av Skjåk-Ola, frå slutten av 1700-talet. Skåpet var opphavleg frå Nigard Lund i Skjåk. Det er nå på Kunstindustrimuseet i Oslo. Foto: Ukjent
Skjåk-Ola, eller Ola Rasmussen Skjåk, (fødd 1744 i Skjåk og død same stad 1803) var snikkar og treskjerar. Han er særleg kjend for stoveinnreiingar med store stuguskåp (framskåp) og anna fast inventar med rik akantusornamentikk. Ei rekkje av arbeida hans er bevarte, og framskåp frå hans hand har i vår tid vore takserte for millionbeløp på antikvitetsmarknaden. Ola Rasmussen er også kjend under namnet Teigroen, etter ein av bustadene han hadde. Han levde ugift livet ut.
Skjåk-Ola vart ein tonegjevande utøvar av ein meir prangande interiørstil og ein ny byggjeskikk som fekk gjennomslag i heimbygda hans nettopp i andre halvparten av 1700-talet. Det var ein del av det som har vorte kalla eit kulturskifte i Gudbrandsdalen 1750-1850. Som mange andre stader i landet var dette ei tid med aukande velstand blant gardbrukarane. I Skjåk hadde det samanheng med inntekter av tømmerdrift, og særleg frå ein aukande eksport av byggkorn til kornfattige bygder og til verkssamfunn som Røros, Folldalen og Lesja. Les mer …
Christi Brandser Foto: Ukjent/Skjåk historielag.
Christi Brandser (fødd 1861 i Skjåk, død 1931 i Heidal i nåverande Sel kommune) var lærar og gardbrukar. Han var også ein ivrig amatørfotograf, og dessutan kjend som oppfinnar. Førenamnet er stundom skrive Christie, Kristie og somme stader mistydd som Kristen.Han var fødd og oppvaksen på garden Nørdre Brandsar i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Kristen Hansen på Brandsar (1830-1865) og Margrete Erlandsdotter frå Sygard Kvåle (1827-1907). Les mer …
Fanejunker E.C.Brandser Foto: Ukjent. Erik Christensen Brandser (fødd i Skjåk 21. juni 1865, død same stad 7. april 1945) var gardbrukar og underoffiser (fanejunker). Han var ein aktiv samfunnsdebattant og hadde fleire offentlege stillingar og tillitsverv. Brandser gjorde seg særleg gjeldande i ålmenningspolitikken, og var ein av leiarane i riksmålsleiren i den langvarige striden om språkskifte til nynorsk i bygda. Han stod klårt til høgre i sine politiske standpunkt, men kan ikkje sjåast å ha stilt til val til kommunestyret eller markert seg i andre partipolitiske samanhengar. Les mer …
Erik Rudser. Foto: Ukjent
Erik Johannessen Rudser (fødd i Skjåk 17. desember 1867, død i Lom 25. august 1949) var lærar og kyrkjesongar i Lom hovudsokn i meir enn ein mannsalder. Han var ein oppglødd norskdomsforkjempar, og som skulestyreformann fekk han mykje å seie for språkskiftet til nynorsk i Lom.Han var fødd på garden Nistun Russar på Ramstadstronda i Skjåk, der foreldra var brukarar. Faren var Johannes Gregoriussen (1830-1907). Mora Marit Erlandsdotter (fødd 1834) var frå Kvåle i Skjåk. Erik var den sjette av i alt ni born. Les mer …
Kvinnelista publisert i Lillehammer-avisa Dagningen 27. september 1928.
Kvinnelista i Skjåk 1928. Til kommunevalet i Skjåk hovudsokn i 1928 vart det stilt ei eiga, rein kvinneliste. Den kom i tillegg til to partipolitiske alternativ, nemleg Bondepartiets liste og «Småbrukernes og arbeidernes liste», som var ei samlingsliste for Venstre/Radikale Folkeparti og Arbeidarpartiet. På båe desse var det oppført berre menn.
Kandidatane på kvinnelista var Guro Tråstad, Tora Bræk, Torø Hørven, Tea Kummen, Live Moen og Ragna Viken Når ein går nærare inn på kven kvar einskild av dei var og kva bakgrunn dei hadde, blir det openbert at dei representerte eit kvinnealternativ på tvers av partipolitiske og sosiale skiljeliner i bygda.Ved valet fekk kvinnelista ei einaste stemme, og den vart forkasta. Dei som stod på lista hadde altså ikkje ein gong røysta på seg sjølve. Ein kunne såleis bli frista til å tolke tiltaket som ein spøk. Les mer …
Heimane rundt Marlo, synst i grenda Reppen. Marlostrædet lengst oppe til venstre, prestegarden nede til høgre. Midt på biletet Marlo skule. Alle heimane oppunder skogbrynet var husmannsplassar under gardane lenger nede på matjordbeltet. Foto:Hans P. Hosar 2009
Marlostrædet (gnr. 57/5) er eit småbruk i Skjåk. Det var husmannsplass under gnr. 57/1 Nedre Marlo (Skjåk prestegard) til 1924, da brukaren fekk kjøpt det til sjølveige. Plassen er fyrst nemnd i kjende kjelder i 1826. Da vart det inngått kontrakt mellom plassmannen Johannes Olsen og husbonden Kristen Rasmussen Marlo. Ordlyden i kontrakten synest vise at Johannes og kona Anne var dei fyrste plassfolka i Marlostrædet. Det peikar i same retning at Johannes er den fyrste som står oppført under Marlostrædet i Ættebok for Skjåk (band I side 176).Johannes og Anne fekk fire born:
- Ola (fødd 1819) er kjend som Ola Tåro, etter namnet på plassen han bygsla som husmann under Uppistun Vange. Han vart forresten bestefar til LO-formannen Halvard Olsen.
- Anne (fødd 1823), flytta til systersonen i Talvik i Finnmark i 1877 (saman med systera Ågot, sjå nedanfor)
- Eilev (fødd 1828), vart buande saman med foreldra i Marlostrædet og overtok bygsla på plassen (sjå nedanfor).
- Ågot (fødd 1833), vart mor til stortingsmann Johannes Kummeneje. Ho flytta i 1877 til sonen som var blitt lærar og lensmann i Talvik. Det var same året han tok til som lærar der. Les mer …
|
|
|
| Sjå òg
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Skjåk kommune
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|
|
|