Trenger du hjelp med å komme i gang på wikien? Ta en kikk på våre nybegynnerbrosjyrernynorsk og bokmål.
Er det noe som ikke fungerer, ta kontakt med webserver@lokalhistoriewiki.no.

Forside:Lesja kommune

Fra lokalhistoriewiki.no

(Omdirigert fra Lesja)
Gå til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge

Østfold • Akershus • Oslo • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark

Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres

Lesja • Dovre • Skjåk • Lom • Vågå • Sel • Nord-Fron • Sør-Fron • Ringebu • Øyer • Lillehammer • Gausdal

Om Lesja kommune
Lesja kommune er ei fjellbygd i Oppland fylke på overgangen mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen i Møre og Romsdal fylke. Bygda ligg på vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, og Lesjaskogsvatnet er kjelde både for Gudbrandsdalslågen og Rauma.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Stuguflottbrue med skade etter sprengninga
Foto: Arnfinn Kjelland

Fieldfare-operasjonen er nemninga på oppdraget tre Kompani Linge-karar frå Ålesund: Birger Strømsheim, Olav Aarsæther og leiaren Joachim Rønneberg gjennomførte i området Tafjordfjella - Romsdalen i perioden mars 1944 - mai 1945. Dei tre hadde tidlegare vore med på tungtvannsaksjonenVemork.

Gruppa skulle organisere motstandsgrupper og førebu jernbanesabotasje. Natta mellom 5. og 6. januar 1945 sprengte dei Stuguflottbrue etter ein strabasiøs marsj i djup snø og sterk kulde frå basen dei hadde i Veltdalen om lag 25 km inne i fjellområdet. Sprengninga var vellykka og blokkerte den tyske jernbanetrafikken i 19 dagar. På bildet kan ein sjå reparasjonen etter sprenginga.   Les mer …

Kornmagasinet i 2009.
Foto: Arnfinn Kjelland
Lesja bygdatun er eit friluftsmuseum på Lesja. Det ligg i Lesja sentrum like ved Lesja kyrkje. Arbeidet med å få til eit bygdetun i Lesja tok til på vårparten i 1957. Da skulle Lesja kommune selje Hauje, der det hadde vore gamleheim. Ola Skotte og Per R. Einbu skreiv da til heradsstyret og bad om at tre hus: kornmagasinet, ei tørkestugu og ei bekkjekvern vart teke unna salet og brukt som start på eit bygdatun.   Les mer …

Gravsteinen til Jakob
Foto: Arnfinn Kjelland

Jakob Bersveinsson Klukkstad er rekna for å vera den «fremste tå døm, som … gjorde døla-uthogsten (akantusskurden) så namnkunnog», iflg. Ivar Kleiven. Jakob var frå Lom og kom Lesja kring 1742 for å lage ny preikestol til Lesja kyrkje. Han flytte til bygda og var busett på Nordistugu Klukkstad i Lesja i alle fall frå 1746 til han døydde i 1773.

Lesjingane bygde så ny kyrkje (ferdig 1749), og Jacob fekk oppdraget med å dekorere altartavla. Ho er rekna som meisterverket hans og var kanskje ikkje ferdig før i 1760-åra (sjå bilde nedafor). Han laga òg tre andre altartavler: til Skjåkkyrkja i 1751, Heidalskyrkja i 1754 og Kors kyrkje i Romsdalen.   Les mer …

Minnesteinen
Foto: Arnfinn Kjelland
Gravsteinen over Georg Sinclair
Foto: Arnfinn Kjelland
Skottetoget er den tradisjonelle nemninga på ein innmarsj av skotske leigesoldatar som kulminerte ved Kringen, eit lite område litt sør for tettstaden, frå år 2000 byen Otta i Sel kommune onsdagen 26. august 1612. Dette var under det som er kalla Kalmarkrigen mellom Danmark-Noreg og Sverige. Lokalt er stadnamnet ved Otta uttala i fleirtal, Kringane, dativ Kringom eller Høg-Kringom. Historia starta nokre månader før sjølve toget. På denne tida var krigane altså dominert av leigetroppar. Svenskekongen, Gustav 2 Adolf, hadde sendt ein høgare offiser, Johann von Mönnichhofen til Nederland for å verve soldatar. Han samla om lag 1200 mann som han segla ut frå Amsterdam med 14. juli 1612. Parallelt gav Gustav Adolf ein skotsk adelsmann, Sir James Spens, i oppdrag å skaffe soldatar også i Skottland. Det var ikkje kongen av Skottland, Jakob 1, interessert i, for han var gift med søster til kongen av Danmark-Noreg, Kristian 4. Det lyktest likevel Spens ved hjelp av en skotsk oberst, Andrew Ramsay, å verve ein styrke. Skotske myndigheiter prøvde å stanse dei, men 2. august 1612 rakk to små skip å stikke ut frå landet med om lag 300-350 mann.   Les mer …

Lesja prestegjeld omfatta frå 1500-talet Lesja hovudsokn og Dovre annekssokn. Sist på 1600-talet vart Lesjaskog annekssokn etablert som følgje av oppbygginga av Lesja jernverk. Frå 1747 skulle sokneprestane i Lesja og Tynset skifte på å halde gudstenester i kyrkja i Folldalen, og Øvre Folldal vart etter kvart rekna som annekssokn under Lesja. I 1861 vart Øvre Folldal og Dovre (med Dombåsgrenda skilt ut frå Lesja prestegjeld som Dovre prestegjeld.   Les mer …

Raumabanen med Dønttinden, sett fra Brude
Foto: Halvard Hatlen
Raumabanen er en 114,2 kilometer lang jernbanestrekning, et sidespor fra Dovrebanen, og går fra Dombås i Oppland fylke ned til Åndalsnes i Møre og Romsdal fylke. Jernbanen passerer under Trollveggen og Romsdalshorn. Ved Verma krysser banen dalen over Kylling bru. Banen har 32 bruer og seks tunneler. Den er ikke elektrifisert, og det kjøres med dieselmateriell. Raumabanen er den eneste jernbanen i Møre og Romsdal. Opprinnelig var det 12 stasjoner og holdeplasser langs linjen, men krav til raskere reisetid og et bedre utbygd veinett har bidratt til at flere av stasjonene er nedlagt. Foruten linjens endestasjoner er det kun én betjent stasjon tilbake, Bjorli stasjon.   Les mer …
Interne ressursar
 
Eksterne ressursar
Eksterne ressursar

Bygdebok for Lesja

Interne ressursar
 
Kategoriar for Lesja kommune
Ingen underkategorier.
Ingen underkategorier.
Ingen underkategorier.
Ingen underkategorier.
Ingen underkategorier.
Ingen underkategorier.
Ingen underkategorier.
Ingen underkategorier.
Ingen underkategorier.
Lesjabrev
Ingen underkategorier.
Ingen underkategorier.
Ingen underkategorier.
Ingen underkategorier.
Ingen underkategorier.
Ingen underkategorier.
 
Mest lest