Forside:Lesja kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Lesja kommune
0512 Lesja komm.png
Lesja kommune er ei fjellbygd i Innlandet fylke, tidlegare Oppland, på overgangen mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen i Møre og Romsdal fylke. Bygda ligg på vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, og Lesjaskogsvatnet er kjelde både for Gudbrandsdalslågen og Rauma.Noverande Lesja kommune er ein del av det gamle Lesja prestegjeld, og vart etablert som Lesja herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1861 vart annekssokna Dovre og Øvre Folldal fråskilt Lesja herad og prestegjeld. Dombåsgrenda vart da overført frå Lesja til Dovre kommune.

Bygda kan inndelast i desse grendene rekna nordfrå: Bjorlie, Rånå, Einbu, Kyrkjekretsen, Nørdre Verket, Søre Verket, Nordmo, Lyftingmo, Kyrkjebygde, og Kjøremsgrende. Dei samsvarar med skulekretsane inn til 1960-åra.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Lesjaverk 1963 med den freda hovudbygninga frå 1734.
Lesja jernverk vart oppretta med tildelinga av privilegiet på jernverksdrift i Lesja hovedsokn til Jørgen Fillipsen og Joachim Irgens i 1660. Drifta kom gradvis i gang i åra etter etableringa. Lesjaskogsvatnet vart oppdemt i begge endar for å skaffe vasskraft til verksanlegget, som vart bygd opp i austre enden av vatnet. Ved anlegget kom det etter kvart masomn av såkalt vallonsk type og stangjernshammar. Også i Håmårfossen i Rauma nedafor Kvamsgardane vart det bygd stangjernshammar, truleg så tidleg som i 1670-åra. Malmen vart funne fleire stader over Lesjaskogen: ved Slettom og i Gruvlie mellom Brandlie og dei gamle gardane i Nørdre Verket. Malmen frå Gruvlie vart køyrt ned til Bryggja og transportert derfrå til masomnen ved hjelp av lektarar sommarstid og med slede på isen om vinteren.   Les mer …

Den øvste gropa i i fangstanlegget.
Foto: Arnfinn Kjelland (2018)

Ved Gravranden på fjellet ovanfor Lesjaskog finst eit tydeleg fangstanlegg for villrein.

Gravranden er ein avlang markant haug («rande» i lokaldialekten) orientert tilnærma vest-aust. Det syner ein tydeleg sti etter reinstrekket mellom haugen og ei lita tjønn, som avgrensa området og freista dei gamle fangstfolka til å bygge eit fangstanlegg her.

Anlegget er kartlagt av Øystein Mølmen (1979). Han meinte det er usikkert om namnet på haugen har med fangstgropene her å gjere.   Les mer …

Sørenden av Skåpårtjønne i juni 2010.

Skåpårtjønne er namnet på ei lita tjørn som ligg ved den såkalla «gamle kongevegen», mellom Mosenden og Lesjaverk i Lesja. Ifølgje Gerhard Schøning bør tjørna «regnes blant de fornemste Naturens Mærkværdigheder, som Lesje Bygd kan opviise».

Skåpårtjønne er omtalt i to skildringar frå 1700-talet, av jernverkseigaren Hans Holmboe (1755) og altså rektor ved Trondheim katedralskole Gerhard Schøning (1775). Den sistnemnte er mest detaljert. Grunnen til at dei to festa seg særskilt ved tjørna, er ein spesiell eigenskap ved ho som bygdefolket var oppteke av: når verlaget i området er kaldt og fuktig, forsvinn vatnet nesten heilt. Bekkene i området kan ha rikeleg vatn, men tjørna har berre ein liten dam på djupaste delen.   Les mer …

Gravsteinen til Jakob.

Jakob Bersveinsson Klukkstad (død 1773) er rekna for å vera den «fremste tå døm, som … gjorde døla-uthogsten (akantusskurden) så namnkunnog», iflg. Ivar Kleiven. Jakob var frå Lom og kom til Lesja kring 1742 for å lage ny preikestol til Lesja kyrkje. Han flytte til bygda og var busett på Nordistugu Klukkstad i Lesja i alle fall frå 1746 til han døydde i 1773.

Lesjingane bygde så ny kyrkje (ferdig 1749), og Jacob fekk oppdraget med å dekorere altartavla. Ho er rekna som meisterverket hans og var kanskje ikkje ferdig før i 1760-åra (sjå bilde nedafor). Han laga òg tre andre altartavler: til Skjåkkyrkja i 1751, Heidalskyrkja i 1754 og Kors kyrkje i Romsdalen.   Les mer …

Lesjaskog sentrum omkring 1923.
Foto: Hans H. Joramo
Lesjaskog sentrum eller Strande er nemninga på ein del av Kyrkjekretsen, det som i dag er eit av tettstadsområda på Lesjaskogen. Det rekk grovt sett frå og med Skulemuseet i Lisser, Lesjaskog kyrkje og Mølme vest for Mølmsåe, langs den gamle riksvegen (før han vart omlagt ca 1987) til og med Lesjaskog skule. Det er ikkje funne kjelder som fortel om busetjing i dette området før fyrst på 1700-talet. Da var jernverket kome i drift, og det vart nok meir trafikk over Lesjaskogsvatnet, truleg både vinter og sommar. Her ved den vestre vassenden vart det tidleg bygd dam for å heve vasspeglet, og det er det grunn til å tru at det gjekk ein god del transport ved hjelp av prammar over vatnet. Dermed vart det behov for omlasting, og gardsnamnet Rundtom ovafor Gameldammen har vore sett i samanheng med at det var her hestetransporten som kom nede frå Veblungsnes snudde her etter å ha lasta over varene på båtar.   Les mer …

Brev frå Lesja til Amerika er avskrift av ei samling brev sendt til Lars Jøraandstad (1873–1941) i Nord-Amerika fra hans mor Anne (1846–1907), far Jakob (1824–1907), søsken Hans (1874–1965), Marit (1877–1951) og Johannes (1879–1918) og svoger Jonas Thøring (g.m. Marit, 1876–1950) på Lesja. Se Bygdebok for Lesja bd. 2 s. 214. Lars Jøraandstad var tredje barn av Jacob og Anne Jøraandstad og den eldste av de seks som vokste opp. Han var født i 1873 og emigrerte som den første i søskenflokken til USA i 1897, bare 24 år gammel. I de etterfølgende år mottok han en rekke brev fra foreldre, søsken og en svoger i Norge. Noen av disse (kanskje de fleste, men neppe alle) tok han vare på, og det har også etterkommende generasjoner i to ledd gjort.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Lesja kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar