Utsyn nordover ved Norderhusvigga. (2021)
Norderhusvigga ligg på sørsida av Gudbrandsdalslågen, sør-sørvest for gardane i Lesja som har seter her. Setervegen går opp ved Grønkjelda. Det er om lag 3,5 km frå gardane og opp på setra. I 1949 vart det bygd traktorveg, og frå 1955 vart det mjølkelevering til ysteriet.
Det er fire setrar her i dag. Kjem du etter setervegen, kjem du fyrst til Nyhussetre på høgre handa litt nedafor dei andre. Så kjem du opp til dei tre andre setrane, som ligg nokså tett i hop. Fyrst ligg setra til Søre Holen, så Vesl-Norderhus og nørdst mot Stor-nesåe ligg setra til Nørdre Holen. Les mer …
Murane etter husmannsplassen Svee under Sør-Hole i Lesja. Plassen vart rydda kring 1762 og fråflytt ca. 1790. Foto: Arnfinn Kjelland
Husmannsplassane i Lesja er eit oversyn over dei buplassane som er kartlagt og plassert i denne kategorien gjennom arbeidet med Bygdebok for Lesja i åra 1981–1996. Til saman er talet på registrerte stader der det har vore busett folk i ein periode, og som i ein del av den busette perioden må kunne kallast husmannsplass, stugu, småbruk (utan skøyte) og liknande, drygt 600. Les mer …
Kornmagasinet på Lesjaskog. (2009) Lesjaskog kornmagasin vart bygd i 1818 på Magasinhaugen ved Mølme. Same året vart det òg bygd tilsvarande magasin i dei andre sokna i Lesja prestegjeld: hovudsoknet og Dovre, etter at prestegjeldet hadde mottatt 200 tønner korn i gåve frå kongen, Karl Johan. Bygdefolket måtte hente kornet sjølv på Akershus festning, så det vart ikkje ei heilt gratis gåve. Av gåva til prestegjeldet gjekk 18 tønner hit til magasinet på Lesjaskog. Kornbehaldninga i magasinet skulle lånast ut som såkorn til dei bøndene som ikkje hadde nok sjølv. Renta var 12,5 % p.a. fram til 1854, da ho vart sett ned til det halve. Utlåna kunne vera små, berre ei skjeppe. Kornet skulle halde ei viss minstevekt, men vart lånt ut etter mål ( tønner). Les mer …
Frå skirenn i Tobbedalsbakken fyrst i 1920-åra
Tobbedalsbakken var ein skibakke som låg mellom Bjorli og Lesjaskog nedafor dei gamle Einbugardane, der garden Voll ligg i dag. Ovarennet gjekk frå heilt oppe ved Nordistugu Einbu. Flata var frå fyrst av litt snau, for det stod ein steinmur mot riksvegen. Skulle hopparane svinge til venstre fekk dei òg litt problem, for der stod det ein låve. Enklast var det å svinge til høgre på det opne jordet der.
Seinare vart steinmuren rive, så da kunne hopparane køyre over riksvegen og stoppe på flata inn mot Raumabanen. Som vi skjøner var det lite trafikk på den tida - også fordi vegen ikkje var open for biltrafikk vinterstid. Men det måtte haldast vakt i tilfelle det kom hestetransport. Les mer …
Sagelva Vasskraftsenter er eit anlegg bygd og drive av Brøste-Stueflotten Kulturlag omkring Brøstsaga. Det ligg ved vegen inn over mot Brøstdalen, der den gamle «kunstige» Sagelva renn nær fylkesgrensa mellom Innlandet og Møre og Romsdal. Oppbygginga av dei ymse delane av senteret starta i 1999, og det blir brukt til å vise, demonstrere og forklare viktige sider ved næringsutviklinga og bruken av vasskraft ikkje berre i Lesja og Romsdalen, men i heile landet i desse siste 500 åra. Hovudfokus er på korleis den fornybare ressursen vatn har vore utnytta fram til elektrifiseringa skaut fart i siste halvdel av 1900-talet. Senteret opna i 2002, men har vore under kontinuerleg utviding.
Les mer …
|