Eline Forberg på sine eldre dagar. Foto: Ukjent. Frå Digitalt museum. Skjåk historielags samling.
Eline Sylfestdotter Forberg (fødd i Oppdal 7. januar 1868, død i Skjåk i januar 1958) var lærar og gardbrukar. Særleg blir ho hugsa for si sentrale rolle i det kristelege organisasjonsarbeidet i Skjåk og som innehavar av ei rekkje offentlege tillitsverv i bygda.Foreldra var Sylfest Sylfestsen Lund (1825–1908) og hustru Hanna (Johanna) f. Kvitlom (1831–1880). Faren var fødd og oppvaksen på garden Eide i Skjåk. Hanna Kvitlom var frå Lesjaskog. Dei hadde gifta seg i 1856, og fekk i alt ni born, fødde i tidsrommet 1857–1878. Eline var nummer seks i rekkja. Familien dreiv gardsbruk fyrst i Vågå til 1861, så på Lesjaskog 1861–1867. Det sistnemnde året flytta familien til Oppdal, der dei hadde kjøpt austre bruket på Hustøfte (Hustoft), som var mest for eit småbruk å rekne. Der slo familien seg til ro. Eline vart fødd året etter at familien tok til på Hustøfte.
Faren Sylfest var ein kjend emissær med bakgrunn i den haugianske vekkinga i barndomsbygda hans dei fyrste tiåra av 1800-talet. Flyttinga frå Skjåk til Vågå, Lesja og Oppdal hadde nær samanheng med det religiøse engasjementet. To av brørne til Sylfest var også lekpredikantar, gardbrukaren Ole Eide og den yngre broren som også heitte Ole, men som i likskap med Sylfest tok etternamnet Lund. Lærar og kyrkjesongar Ole Lund gjorde seg sterkt gjeldande i kristenliv, politikk og samfunnsengasjement i Skjåk i ein femtiårsperiode frå ca. 1860 til han døydde i 1912. På fleire vis kom Eline til å fylle den plassen som farbroren hadde hatt i bygda, da med unntak av det politiske. Les mer …
Magda og Christian Bøbak. Foto: Christian Bøbak
Christian Bøbak (fødd 2. januar 1891 på Bøbakken i Bøgrende i Lesja, død 29. desember 1955 i Bergen) var ein landskjent fotograf. «Mange har regnet Bøbak som en av landets, kanskje Skandinavias fremste portrettfotografer» står det i omtalen av han på Nasjonalbibliotekets oversyn over fotografar i Noreg. Fotohistorikaren Roger Erlandsen lister Bøbak som nr. 2 blant 8 sentrale norske portrettfotografar i det han kallar «portrettets gullalder» (tida kring første verdskrigen). Kristian Hosar har referert den mangeårige formannen i Norges Fotografforbund, H. Johnsrud: «Hans portretter, representerer i utpreget grad fotografiets absolutte virkelighet. Han viser for oss mennesket, uretusjert og i all sin opprinnelighet, uten forloren pynt.» Bøbak arbeidde lengst i Bergen. Les mer …
Giovanno (Johan) Basso Foto: Mathias P. Lien Giovanno (Johan) Basso var fødd kring 1838 i Italia og døydde 30. januar 1913 i Lesja. Giovanno Basso kom til Lesja som «ein framand fugl» ein gong før 1890 og tok inn hos ei ugift plassjente, Guri Bjertesd. på Plassbakken eller Røst i ålmennningsområdet Åsen mellom Avdem og Lyftingmo. I bygda vart fornamnet hans fornorska til Johan. Han og Guri budde saman utan å vere gift, noko som skal ha vore til ein viss irritasjon i bygda.
Etter bygdetradisjonen hadde Giovanno vore soldat i den italienske hæren. Han skal ha desertert etter å kjempa i det verdskjente, blodige slaget ved Solferino i 1859. Deretter skal han ha flakka rundt i Europa, m.a. i Russland, til han kom til Lesja og slo seg ned her. Les mer …
|