Christen Henriksen Pram (fødd 4. september 1756 i Lesja, død 28. november 1821 på Saint Thomas, Virgin Islands) var ein særs produktiv faglitterær og skjønnlitterær forfattar. Foreldra var Henrik Frederik Christensen Pram (1726-1800) og Olava Marie Nielsdtr. Stockfleth (1738-?), begge med sterke nettverk i Gudbrandsdalen. Henrik var kapellan i Lesja frå 1751 til han fekk eit sokneprestkall på Slagslunde og Gandløse på Sjælland i 1765 og flytte dit med familien.
Christen var altså berre åtte år da han flytta frå Lesja og Noreg, men foreldra heldt kontakt med nordmenn og Christen vart m.a. kjent med Edvard Storm som voks opp i nabobygda Vågå. Christen rekna seg derfor heile livet for å vere nordmann, og særleg gudbrandsdøl. I 1772 reiste han til København for å studere, men han spesialiserte seg ikkje i eitt fag. Han leste klassiske litteratur og lærte språk, statistikk og økonomi, og var eit ivrig medlem av Det Norske Selskab. I 1781 fekk han stilling i Kommersekollegiet, som justisråd frå 1802 og etatsråd frå 1812. Les mer …
Utsyn over Aursjømagasinet 2005. Det var ein stad her ulykka skjedde.
Gautsjøulykka 25. september 1941 var ei frykteleg hending knytt til Aurautbygginga på Dalsida i Lesja. Eit arbeidslag på 11 mann dreiv med stikking av vegen som var under bygging opp frå Aura i Bøgrende fram til Gåsbue skulle avslutte arbeidet og fraktast over Gautsjøen med båt til Sørhella, ei strekning på 8–9 kilometer. Båten var ein sju meter lang open trebåt, ein fløytingsbåt, med påhengsmotor. Veret var fint og det var omtrent vindstille. Kva som hende denne septemberdagen, veit ingen. Fleire av karane var flinke til å symje, men ingen kom fram til Sørhella. Dagen etter, fredagen, var det gråvér, vind og skodde. Oppsynsmannen på veganlegget, Anton Mikkelsen, rodde da utover og støtte rett på båten, som flaut med baugen i veret. Les mer …
|