Forside:Skjåk kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. apr. 2010 kl. 22:22 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Skjåk kommune
0513 Skjak komm.png

Skjåk kommune ligg i Innlandet fylke, lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen. Kommunen vart skild ut frå Lom 1. januar 1866. Da hadde namnet skriftforma Skiaker. Kommunen er geografisk samanfallande med Skjåk prestegjeld med dei to sokna Skjåk og Nordberg. Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna.

Kommunen ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen, og heile 79% av kommunens areal fell inn under nasjonalparkane med desse namna. Eller ein kan seia at fjella i Skjåk tilhøyrer nord- og vestdelen av Jotunheimen. I nord grensar Skjåk til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, i sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Det går heilårsveg over fjellet til Stryn i Nordfjord. Sommarstid er det også veg til GeirangerSunnmøre.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Fotograf ukjent.
Olav Øygard (fødd i Skjåk 15. januar 1885, død i 1960) var gardbrukar, hotelleigar og politikar i Skjåk. Han var ordførar for Arbeiderdemokratene/Radikale Folkeparti i Skjåk i to valperiodar i mellomkrigstida. Øygard var også ein habil lyrikar med publiserte einskilddikt i ulike blad, årbøker osv. Bureisarhyllesten «Me bryt og me plantar» er med i Mads Bergs songbok for folkeskulen. Han var særs ivrig i historielags- og anna kulturarbeid.   Les mer …

Chr. A. Hjelter.
Foto: Fotograf ukjent.
Christian Amundsen Hjelter (fødd i Skjåk 28. mars 1850, død same stad 1926) var gardbrukar, hotelleigar og politikar i Skjåk. Han var ordførar i bygda i to periodar, 1882-1883 og 1892-1893. Han var radikal venstremann i 1870- og 1880-åra, sidan moderat og etter kvart konservativ i politisk standpunkt. Han bygde opp Pollfoss som skysstasjon og hotell, og var særs aktiv i det offentlege livet i kommunen heilt til det siste.   Les mer …

Reinsdyr i Tundradalen i Skjåk-ålmenninga. I bakgrunnen Tundradalskyrkja og Tverrådalskyrkja.
Foto: Per Dagsgard

Skjåk Almenning (i lokal daglegtale Skjåk ålmenning eller berre «Ålmeinningje») er ei bygdeålmenning i Skjåk kommune. Med sine 2 millionar dekar er Skjåk Almenning landets tredje største grunneigedom, og den største private. Den omfattar praktisk tala all grunn over tregrensa i heile kommunen, og dessutan skogen i det meste av Nordberg sokn. Mesteparten av høgfjellsområdet i ålmenninga inngår nå i nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen.

Som bygdeålmenning går historia attende til 1798, da gardbrukarane i bygda fekk kjøpt eigedomen av daverande eigar Bernt Anker. Eigedomsretten hadde da i nokre tiår lege til enkeltpersonar, alt sidan kongen hadde selt ålmenninga på auksjon i 1726. Etter seinare definisjonar vart Skjåk Almenning ved salet i 1726 til ei privatålmenning, og før det kongs- eller statsålmenning, sidan kongen hevda ein overordna eigedomsrett.Skjåk Almenning er og har vore ei hjørnesteinsverksemd i bygdesamfunnet, med stor betydning for busetjingsmønster, økonomi og arbeidsliv i bygda. Ein særeigen bruksretts- og eigarstruktur har gjennom tidene sett sitt sterke preg på bygdesamfunnet også sosialt og politisk.   Les mer …

Hytta ved Pollvatnet. Hildur og Jo Turtumøygard sitjande til høgre.

Jo Turtumøygard (fødd i Lom 18. mars 1898, død same stad 5. januar 1984) var lærar. Han hadde mangfelte interesser, og var aktiv på mange måtar innan kulturliv, organisasjonsarbeid og generelt samfunnsengasjement. Ikkje minst er han kjend som ein forkjempar for lokalt kulturvern. Særleg arbeidet i Lom heimbygdslag og bygdemuseet opptok han sterkt i seinare år. Han har mykje av æra for at heimen til Tor Jonsson vart teke vare på og gjort til museum. Turtumøygard var ein nær ven av den ein god del yngre diktaren.

  Les mer …

Ragna Nyhus.
Ragna Viken Nyhus (fødd i Skjåk 15. juni 1900, død same stad 12. april 1967) var husmor og vevar. Ho var engasjert i politikk og kvinnesak, mellom anna som aktiv i Skjåk arbeidarkvinnelag. Ho stod som kandidat på ei rein, tverrpolitisk kvinneliste ved kommunevalet i Skjåk i 1928.Ragna Nyhus var dotter til Lars Persen Viken (f. 1857) og Rønnaug Olsdotter (f. Kjørren 1860). Ragna var den sjuande i ein syskenflokk på ni. Den sist fødde av syskena døydde som spedbarn, og tre døydde i ung alder. Da Ragna var fødd, var foreldra plassfolk i Vigstadvika under gnr. 23.2 Nordistun Vigstad.   Les mer …

Johan K. Thuland
Foto: Ukjent.

Johan Knutsen Thuland (fødd 1862 i Fjaler i Sunnfjord, død?) var lærar, klokkar og norskdomsforkjempar. I ein tjueårsperiode budde og arbeidde han i Skjåk, og er der saman med Hans B. Osnes kjend som den fyrste typiske vestlandslæraren i bygda. Dei stod for venstrepolitikk, målsak, frilynt ungdomsarbeid og fråhald.

Thuland var fødd på garden Tuland i Guddal i det som den gongen var Ytre Holmedal prestegjeld og herad, i dag Fjaler kommune. Foreldra var Knut Hansson frå Tuland og Marta Eriksdotter frå Langeland (fødd 1818). Dei hadde gifta seg i 1841, og var brukarar på Nordre Tuland. Produksjonsoppgåvene i folketelinga 1865 viser at det var eit heller lite gardsbruk, med to kyr.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Skjåk kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar