Forside:Skjåk kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Skjåk»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Skjåk kommune
0513 Skjak komm.png

Skjåk kommune ligg i Innlandet fylke, lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen. Kommunen vart skild ut frå Lom 1. januar 1866. Da hadde namnet skriftforma Skiaker. Kommunen er geografisk samanfallande med Skjåk prestegjeld med dei to sokna Skjåk og Nordberg. Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna.

Kommunen ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen, og heile 79% av kommunens areal fell inn under nasjonalparkane med desse namna. Eller ein kan seia at fjella i Skjåk tilhøyrer nord- og vestdelen av Jotunheimen. I nord grensar Skjåk til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, i sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Det går heilårsveg over fjellet til Stryn i Nordfjord. Sommarstid er det også veg til GeirangerSunnmøre.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Fele på Uppigard Skjåk. Ho har i følgje tradisjonen tilhøyrt Fel-Jakup. Han kalla ho Storgrolla.
Foto: Hans P. Hosar (2012)

Fel-Jakup, Jakob Olsen, (fødd i Skjåk den 2. februar 1821 død same stad den 27. juni 1876) var felespelar, vide kjend i samtid og ettertid. Han blir rekna som ein meisterspelemann på flatfele, med tilsvarande posisjon i folkemusikkhistoria som Myllargutenhardingfele. Fel-Jakup har øvd sterk innverknad på folkemusikken særleg i bygdene rundt Dovreplatået, dvs. i Nord-Gudbrandsdalen, Møre og Romsdal, delar av Sør-Trøndelag og i Nord-Østerdalen. Han var mykje etterspurd som musikar ved bryllaup og andre festlege høve, på auksjonar og marknader, ikkje minst på Romsdalsmartnan.

Om ein ser bort frå den unike musikkgivnaden og spelemannslivet, er Fel-Jakups bakgrunn og livslaup illustrerande for livsvilkåra til bygdeproletariatet på hans trakter og på den tida. Jakup var fødd og oppvaksen under vanskelege tilhøve, og trass tidomtil brukbare spelemannsinntekter, levde han også som vaksen og gift mann heile tida i tronge kår som husmann i ålmenninga i Skjåk.   Les mer …

Hytta ved Pollvatnet. Hildur og Jo Turtumøygard sitjande til høgre.

Jo Turtumøygard (fødd i Lom 18. mars 1898, død same stad 5. januar 1984) var lærar. Han hadde mangfelte interesser, og var aktiv på mange måtar innan kulturliv, organisasjonsarbeid og generelt samfunnsengasjement. Ikkje minst er han kjend som ein forkjempar for lokalt kulturvern. Særleg arbeidet i Lom heimbygdslag og bygdemuseet opptok han sterkt i seinare år. Han har mykje av æra for at heimen til Tor Jonsson vart teke vare på og gjort til museum. Turtumøygard var ein nær ven av den ein god del yngre diktaren.

  Les mer …

Øyberget der Anne og Syver budde 1806-1811.
Foto: Kristian Hosar
Anne Olsdotter Hyrve (Hørve, Hørven) (fødd 10. april 1783 i Skjåk, død same stad i 1837) var gardkone og haugianar. Mykje tyder på at ho, i lag med mannen Syver og nokre andre av dei haugianske kadrane i Skjåk, øvde sterk innverknad på bygdekulturen der i fyrste halvparten av 1800-talet. Kva meir er, etterkomarane til Anne og Syver, med sin haugianske ballast, skulle kome til å øve innverknad på politikk, samfunn og kultur langt utanfor Skjåk og Gudbrandsdalen seinare i århundret.Som det framgår av lista over borna til Anne og Syver, gifta tre av dei seg med kvar sine av ein syskenflokk frå garden (Nigard) Bu i Sel. Der var folket også haugianarar. Guro og mannen Iver Olsen Bu flytta til garden Blekastad, også i Sel. Dei vart foreldre til folkehøgskolemannen Ivar Blekastad og stortingsmannen Sigurd Blekastad (Venstre). Dette viser ein direkte familiesamanheng over tre-fire generasjonar mellom haugianismen i Gudbrandsdalen og den seinare norskdoms- og folkehøgskulerørsla i distriktet. Ein kan også trekkje inn den patriotiske liberalismen frå 1830-åra i denne samanhengen. Eldste sonen til Anne og Syver Hyrve, avisredaktøren Sylvester Sivertson, var sentral i krinsen rundt Wergeland i 1830-åra, og aktivist i den bondepolitiske framstøyten på den tida.   Les mer …

Familien Førsund (med fyrstefødde Solveig) i lærarbustaden i Holmork i Skjåk 1910 eller 1911. Det var på denne tida Førsund komponerte Å Vestland, Vestland.
Foto: Ukjent
Sigurd Olsen Vamråk Førsund (fødd 20. september 1884 på Kyrkjebø i nåverande Høyanger kommune, død i Indre Arna i nåverande Bergen kommune 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han var også engasjert i lokalpolitikk (Venstre) og i norskdomsarbeid. På landsbasis er han kjend som mannen bak melodien til «Å Vestland, Vestland» med tekst av Tore Ørjasæter, og innspela av Sissel Kyrkjebø på debutalbumet hennar i 1986. Han voks opp på eit bruk på garden Føsund (Fesund, Førsund) som den fjerde i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Ola Bergeson Vamråk (1854-1946) og Eli Bergedotter fødd Søreide (1853-1943). Familien hadde fleire bein å stå på enn det snaue gardsbruket. I følgje folketeljinga 1900 var Ola Vamråk jekteeigar, og eldstesonen Hans (fødd 1877) er omtala som jekteseglar for eiga rekning.   Les mer …

Hovudbygningen på Grinder. Halvor var 13 år gammal da denne bygningen stod ferdig.
Foto: Ukjent.
Halvor Arntzen (fødd i Grue i Solør 27. september 1756, død i Christiania 19. oktober 1832) var utdanna teolog. Han var kapellan fleire stader før han vart sokneprest, fyrst i Lårdal så i Lom.

Foreldra var proprietær og krigsråd Ole Arntzen (1731-1811) på storgarden Grinder i Grue og hans fyrste kone Karen Pedersdotter Vøyen (1733-1769). Båe foreldra kom frå bondefamiliar, men Ole Arntzens krigsrådstittel vitnar om at dei sjølve hadde avansert sosialt til kondisjonert stand.

Halvor hadde 11 sysken som voks opp, og fem halvsysken frå farens andre ekteskap med Marthe Hansdotter Gjerdrum. Syskenflokken, iallfall gutane, fekk uvanleg god utdanning. Foreldra heldt huslærarar som gav dei grunnutdanninga. To av brørne/halvbrørne til Halvor vart teologar som han sjølv, fem vart juristar, ein filolog og tre offiserar. Ein av halvbrørne var høgsterettsassesor, stortingsmann og statsråd Andreas Gjerdrum Arntzen.   Les mer …

Skjåks kommunevåpen.
Ordførarar i Skjåk kommune. Denne lista er ei oversikt over ordførarane som har leia Skjåk kommune i Innlandet fylke. Den fyrste tok til 1. januar 1866, då Skjåk vart skilt ut frå Lom kommune. Partilister vart nytta for fyrste gong i bygda ved kommunevalet i 1916. Når det likevel er påført opplysningar om partitilknyting før dette tidspunktet, er det fordi vi ut frå andre samanhengar kan påvise klar partipolitisk farge for vedkomande ordførarar. Når det gjeld Ole Lund, er han ikkje knytta til noko spesifikt parti. Men han var ein markant leiar for den kristeleg-konservative opposisjonen mot Venstre i Skjåk, jamvel om det ikkje vart organisert noko eigentleg Høgre i bygda.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Skjåk kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar